Gloppen ønskjer Sogn og Fjordane som eige fylke i framtida

Postet 14. november 2016 |

Gloppen kommunestyre sa i dag nei til den framforhandla intensjonsavtala mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Samfunnsdemokratane  (SD) kom med endringsforslaget som fekk fleirtal i formannskapet og som sidan vart til eit utvida felles framlegg av Ap, Sp, SV, MDG og SD.
H, V og Krf er sjølvsagt lojale mot eiga regjering, og sa ja til avtalen som har mykje uavklara i høve framtida for ein vestlandsregion.
Samfunnsdemokratane oppfordrar også fylkestinga til å seie nei, og bremse den storstila sentraliseringa som denne regjeringa har lagt opp til, i eit forrykande tempo, utan å konsekvensutgreie.
Den norske velferdsmodellen, er nettopp bygd opp ved å ta i bruk ressursane i heile landet. Nærleik og lokal kunnskap har vore viktige stikkord for å lukkast. No er stor og robust det einaste som ser ut til å telje for maktapparatet i Oslo.
Tida er inne for å sende tydelege signal tilbake, slik Gloppen kommunestyre no gjer.
Ei reform utan innhald og sikring av lokale ressursar, er ikkje er reform som gagnar folk flest!

Legg igjen kommentar