Norsk barnevern, til alle barn sitt beste?

Postet 19. august 2016 |

Den norske Regjering og Storting må snarast råd få endra den negative statusen det norske barnevernet har fått, og det må lov- og forskriftsendring til.

Kommunesamanslåingsdebatten, er ei avsporing slik Samfunnsdemokratane ser det.
Uansett storleik på kommune og tal innbyggjerar må vi sikre barn sine rettar til ein trygg oppvekst.
Også med omsyn til dei mange som jobbar i tenestene, og alle dei som får god og nødvendig oppfølging, er det stadig negative mediefokuset av diskusjonssaker ei påkjenning.
Det er kjempeviktig at kritikken blir teken med det største alvor, av rette instansar, og at dei styrande ser på kva makt barnevernet skal ha framover.

Akuttvedtak aukar, kvifor? Det har vore vektlagt at tiltak i heimen skal prøvast før overtaking, og at familie-plassering skal auke. Likevel aukar akuttvedtaka, på kva grunnlag?
Samfunnsdemokratane vil no løfte inn til høgaste hald at det trengs endringar, og det straks, slik at vi unngår unødig maktbruk.

Styresmaktene har plikt til å ta tak for nettopp å sikre : alle barn sitt beste.
Samfunnsdemokratane vil gjerne ha innspel på kva som må gjerast for å sikre dette til:
post@samfunnsdemokraten.no
Alle innspel vil bli behandla konfidensielt ( ikkje offentleg).

Vedlegg to nylege mediesaker:

Lenke til NRK her.
Lenke til Firda her.

Venleg Helsing
Gunnvor A. Sunde, leiar

Legg igjen kommentar