Set regjeringa kommunale tenester på spel?

Postet 13. juli 2016 |

Regjeringspartia gjekk til val på spesielt to ting: fjerne fylkesleddet politisk og administrativt og Helseføretaksmodellen, og kva gjer så regjering og kommunalminister Sanner med det? Går laus på å svekkje det leddet som tek seg av tenestene nærast folket, nemleg kommunane. Kanskje på tide å sjå på statsapparatet som har vakse formidabelt, og kva innverknad har det for oss på kommunenivå, anna enn å utøve tilsyn og tillegge oppgåver, eller som vi smerteleg har fått kjenne i Gloppen, lagt inn i Robek av eit manglande tal på ei tilbakemelding til Fylkesmannen? Og slikt skal folk flest få tillit til? Beklagar å måtte seie det: Kanskje færre fylkesmannsembete er svaret heller enn færre kommunar, slik verda no framstår.

– Fylket si framtid står på spel

 

 

 

 

 

 

Lenke til Gloppen inn i ROBEK her.

Legg igjen kommentar