Eit visjonært nei!

Postet 26. mai 2016 |

Det er nokre som trur at nei-sida ikkje vil noko, at vi berre seier nei. Tvert imot: Vi seier JA til Gloppen. Vi vil utvikle kommunen vår, på lag med tilsette i kommunen, innbyggjarar, næringsdrivande, folkevalde og ungdomar. Vi vil arbeide for at endå fleire kjem for å byggje og bu, arbeide og leve i Gloppen.

Her er nokre argument for å stemme n
ei på måndag 30. mai:

1. Både Eid og Gloppen er i dag mellom dei beste kommunane i landet å bu i og er store nok til å yte gode tenester for innbyggjarane kvar for seg.

2. Det blir lenger avstand mellom dei som styrer og dei som vert styrt, og det blir færre folkevalde og dermed vert folkestyret svekt.

3. Gloppen kommune vil samarbeide med eidarane, kommunane i resten av Nordfjord i alle saker vi har felles interesse uavhengig om vi slår oss saman. Med godt arbeid med alliansebygging vil Gloppen kommune styrke arbeidet for Firda vgs, Sandane lufthamn, Nordfjord sjukehus, SFE og fylkesveg 615 gjennom Hyen.

4. Det er tungvint og upraktisk for fagmiljøa i kommunen å ha ein samanslått kommune utan bru mellom Anda og Lote.

5. Arbeidet for bru har eit langt perspektiv. Det finst ingen snarvegar til målet. Vi trur arbeidet vert styrka av å ha to kommunestyre og ordførarar som kjempar for brua samstundes som desse to kommunane må ha fleire allierte med på laget. Brua skal bygge bu- og arbeidsområde for 60 000 i Nordfjord og ikkje berre for Gloppen og Eid.

6. Det kan bli meir press på, og meir kamp om, velferdsgodene i ein samanslått kommune. Det kan då vere sannsynleg at utkantane tapar på dette.

7. Når vi slår saman ”sjeldantenester” som jordmor, helsestasjon, fysioterapi og fleire andre vil dei bli mindre tilgjengelege fordi vi må rekne med at det ikkje vert tilbydd på begge sider av fjorden. Dermed tek det meir arbeidstid frå den enkelte og for arbeidsgjevar og det vert lenger avstand til tenestene.

8. Ein større kommune tyder auka reiseavstand for dei tilsette i ulike tenesteeiningar. Å legge opp til løysingar som fører til auka transportbehov er å gå i motsett retning av det grøne skiftet, der ein må ha auka fokus på nærleik og kortreiste tenester.

9. Sjølv om vi slår oss saman, vil den nye kommunen med det foreslåtte inntektssystemet få mindre inntekter enn kommunane har i dag kvar for seg. Ekstraløyvingane til samanslåing er mellombelse.

10. Det er ikkje foreslått eller vedteke konkrete nye oppgåver til kommunane som tilseier at Gloppen må bli større for å løyse desse. I staden flytter andre pågåande reformer makt og mynde frå lokalsamfunna. Til dømes politireforma, sentralisering av skattekontor og sentralisering av NAV-kontor.

11. Sjølv om ja-sida hevdar det, har FAFO-rapporten Kompetanse i kommunene (Bakkeli & Steen Jensen 2014) synt at det er ingen systematisk forskjell mellom kompetanse- og rekrutteringsutfordringar i små og store kommunar.

12. Ein PROBA-rapport Langsiktige konsekvenser av kommunesamanslåing har gått gjennom kommunesamanslåingane i Noreg mellom1987 og 2012. Dei peikar på at det er ein viss tendens til at samanslåing gir lågare befolkningsvekst. Innanfor grensene til 28 av 39 kommunar som har slått seg saman med andre har befolkningsveksten vore svakare enn i tilsvarande kommunar som ikkje har slått seg saman. Og det er ingen indikasjon på at kommunesamanslåingane i Noreg frå 1987 til 2012 har bidrege til sterkare vekst i befolkninga i regionen enn om kommunane hadde halde fram som sjølvstendige kommunar skriv prof. Bjarne Jensen.

13. NORUT-forskarane Elisabeth Angell, Torill Ringholm og Jørgen Bro har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet gått gjennom nærare 100 rapportar for å finna ut samanhengen mellom samfunns- og næringsutvikling og kommunestorleik. Dei finn ikkje haldepunkt for at større kommunar vil gje betre nærings- og samfunnsutvikling.

Med andre ord: I stadanfor å bruke kreftene på å slå oss saman, vil vi utvikle Gloppen kommune inn i framtida. Bli med å gjere det saman med oss.

Stem nei på måndag 30. mai!

Hege Lothe, varaordførar, SV

Katrine Anita Heggelund Haugerøy, SV

Karoline Bjerkeset, Sp

Mariel Eikeset Koren, MDG

Gunnvor A. Sunde, SD

Legg igjen kommentar