Frigjeringsdagen

Postet 8. mai 2016 |

Samfunnsdemokratane vil gratulere alle med frigjeringsdagen idag, den dagen tyske militære styrkane her i landet kapitulerte etter den nazi-tyske okkupasjonen 8. mai 1945.
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
(Skrevet av Halldis Moren Vesaas, fra Tung tids tale, 1945)

Legg igjen kommentar