Kommunesamanslåing; kvifor?

Postet 2. mai 2016 |

Gloppen er i dag ein velfungerande kommune, mellomstor i folketal og stor i areal, med naturgjevne grenser mot nabokommunane.

Kva fordelar ser vi i intensjonsavtalen med Eid, som vi ellers ikkje kan få til med samarbeid på tvers av kommunegrenser.

Å tru at brua Anda-Lote kjem automatisk ved ei samanslåing, er etter vår meining naivt.

Alle fordelar som blir opplista og trekte fram i debatten er tilhøve kommunane ikkje styrer, som bru, flyplass, veg og statlege arbeidsplassar.

 

Nullalternativet derimot, representerer nærheit og god kvalitet på dei kommunale tenestene i Gloppen, og representerer tryggheit og leveringssikkerheit både i kvardagen og i krise-situasjonar.

Så kvifor endre noke som fungerer?

 

Samfunnsdemokratane har gått til val på at vi er imot sentralisering, som kommunereforma representerer i aller høgste grad.

All erfaring tilseier at større einingar med større avstand til tenestene, skapar meir byråkrati.

To viktige program-punkt mot sentralisering og avbyråkratisering.

Og å styrkje sjølvråderetten og nærleik til dei kommunale tenestene er og vanskeleg med eit demokrati som krympar og får lenger avstand til brukarane, der det og blir færre politikerar i høve innbyggjartalet.

 

Etter samhandlingsreforma har kommunane fått større ansvar for helsa til innbyggjerane, utan nødvendige økonomiske verkemiddel.

At større einingar blir betre både organisatorisk og fagleg, er bygd på politisk høgre-ideologi, og ikkje på fakta.

Tidleg innsats, heller enn seinare reparasjon, som heimebasert omsorg og satsing på kvardagsrehab og utstrekt folkehelsearbeid er noke Gloppen har jobba målbevisst og lenge med, og som vi kan sjå resultat av.

Vi har god rekruttering, ved utlysing av stillingar i alle sektorar, og vi ser at Gloppen er ein attraktiv bustad-kommune for tilbakeflytting.

Ca 120 fleire elevar på Sandane skule enn for ca 10 år sidan, kan langtifrå berre tilskrivast samanslåing av skular.

 

Begge kommunane både Eid og Gloppen, og fleire Nordfjordkommunar er av ein slik storleik at vi kan utvikle oss ilag med gode samarbeid, og ei samanslåing vil heller ikkje føre til at vi kjem opp i ein storleik som gjev økonomisk gevinst.

Det er lover og forskrifter som ilegg kommunane arbeid og utgifter, og det er Ingenting som tyder på at sjølv ei samanslegen kommune med Eid vil bli utsett for mindre statleg styring og kontroll.

 

Det er og naivt å tru at kun kommunehusa skal merke endring. Ved ei samanslåing er der ingen garanti for at intensjonsavtalen står seg lenger enn til at eit nytt vedtak blir gjort, også når det gjeld endra tenestetilbod. Å få i havn ein intensjons-avtale er noko anna enn kva avtale som skal gjelde etter at samanslåing er gjort.

 

Gloppen har mange gode tenester og desse er fordelar som kan forsvinne dersom vi slær oss saman med andre.

-eiga legevakt

-gode tilbod med helsesøstrene

-variert frisklivstilbod, personleg og i gruppe

-revmatikerbad

-GOS-Gloppen Opplæringssenter med tilbod og til andre kommunar.

-helsefagutdanning for framandspråklege

-kvardagsrehabilitering og ei langvarig satsing på heimebasert omsorg

-psykisk teneste, med ope hus, Roseklubben, personleg oppfølging, dagtilbod

-samhandling barnehage/skular

-slank administrasjon, med få administrative nivå

-fersk mat/ønskekost og eit kjøkken utstyrt for å møte ein auka produksjon (eldrebølge), utan særlege investeringar

-driv effektivt mange tenester når vi samanliknar oss med andre, jfr tenestemålingar

-sikkerheit i fast eigedom og fornybare verdiar

-eigedomsavdeling som tek vare på bygningane og eiga vaktmeisterteneste

-sterkt landbrukskontor i ein kommune som er ein stor mat-produsent

-god beredskap med nære tenester

-grei økonomi

Og ingen svarer på kvifor det offentlege skal gå med overskot?

 

Samfunnsdemokratane tilrår å stemme NEI.

På vegne av styret og årsmøtet.

 

Gunnvor A. Sunde

Leiar Samfunnsdemokratane

 

Legg igjen kommentar