Kommunereform

Postet 16. april 2016 |

I Gloppen seier både ordføraren og Samfunnsdemokratane nei til samanslåing av Eid og Gloppen, som i dag er delt av Nordfjorden.
Rådgjevande folkerøysting i begge kommunane er den 30 mai, og du kan og førehandsrøyste.
Det er viktig at folk seier kva dei meiner om ei så viktig sak for Gloppensamfunnet for framtida.
SD er imot sentralisering og byråkratisering, noke vi meiner kommunereforma vil føre til, der kommunane ikkje veks seg naturleg ihop.
Uttalen frå SD sitt årsmøte vart difor eit NEI til samanslåing av dei to kommunane som har eit naturgjeve stengsel i midten. Lenke her.

 

Legg igjen kommentar