Samfunnsdemokratane sitt årsmøte meiner Noreg må halde på sjølvråderetten!

Postet 10. mars 2016 |

TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership)

TISA (Trade in Services Agreement)

Begge desse er nye handelsavtalar som er lanserte av amerikansk og europeisk storkapital, og som det no forhandlast om. Handelsavtalane vil legge nye marked opne for storkapitalen ved å bygge ned nasjonale reguleringar og det dei ser på som handelshindringar, det vil sei arbeidsmiljølov, forbrukerbeskyttelse, miljøstandardar osv. Samfunnsdemokratane er sterkt imot desse avtalane:

TISA er ei avtale som skal liberalisere tenestehandelen.

    1. Det er berre dei rikaste landa i verda som forhandlar om TISA-avtala. Norge er et av dei. Fattige land har gjennom WTO motsett seg den utviklinga som avtala legg opp til. No håpar ein å etablere ein avtale som fattige land i neste omgang blir tvinga til å slutte seg til
    2. Avtala skal forhindre nasjonal beskyttelse av tenester
    3. Avtala vil på sikt gjere det umuleg å unngå privatisering av velferdstenestene. Ei avregulering til fordel for kommersielle interesser vil ikkje kunne omgjerast av et nytt politisk fleirtall.

    TTIP er ei handels- og investeringsavtale som skal inngåast mellom USA og EU.

    1. Formålet med forhandlingane er å fjerne tollbarrierar og gjere regelverket i USA og EU meir likt.
    2. Sidan tollbarrierane mellom EU og USA allereie er lave, vil forhandlingane i hovudsak dreie seg om harmonisering av regelverk, patentar og investorrettigheiter.
    3. Alt tyder på at det er det svakaste lovverket som vil danne grunnlaget for harmoniseringa.

    Veldig mykje av det vi har fått vite om desse avtalane skuldast Wikileaks-lekkasjar. Forhandlingane er langt på veg hemmelege, til og med for medlemmer av parlamenta i landa som deltek i forhandlingane. Dette er svært alvorleg, for når det gjeld handelsavtalar ligg djevelen i detaljane: utan full kunnskap veit ein lite om kva ein går til.

    For begge avtalane er det viktig å harmonisere arbeidslivsrettane. Vi har allereie sett korleis EU og USA legg stor vekt på å svekkje grunnlaget for fagrørsla. Gjennom EØS-avtala blir Norge dregne med. Både TTIP og TISA-avtalane vil få denne utviklinga til å skyte fart.

    For begge avtalane blir det forhandla om ein svært kontroversiell investor-stat tvisteløysing, forkorta ISDS. Denne mekanismen inneber at selskap kan saksøkje statar og krevje erstatning dersom dei meiner at ei lov eller regulering fører til økonomisk tap.

    Argumentet for begge avtalane er at dei skal stimulere til økonomisk vekst, men om dei faktisk gjer det, er svært omstridt. Det som er heilt sikkert er at det vil auke makta og profitten til dei aller største internasjonale selskapa.

    Samfunnsdemokratane krev at den norske Regjeringa tek eit klart standpunkt mot TTIP, trekkjer seg frå forhandlingane om TISA, og søkjer internasjonal støtte for å hindre at desse avtalane blir vedtekne.

     

    Legg igjen kommentar