Stem NEI, og vis regjeringa at vi er imot sentralisering!

Postet 24. februar 2016 |

At Gloppen scorar høgt på god kommunal kvalitet i tenestene, syner at vi har og over lag tid har hatt evna å omstille. Dei som trur at kommunal drift er som den alltid har vore, tek skrekkeleg feil, og seier meg ein ting; de kjenner lite til omstillingane som går kontinuerleg i den kommunale drifta. Dessutan finst der mykje forskning på at kommunal sektor er langt meir effektiv enn privat, men dei som sit med makta endrar spelereglar og rammer for det offentlege, samstundes som dei utvidar drifta med fleire rettigheiter, uavhengig kven som regjerer!
Å stemme nei, vil seie at ein maktar å tenkje utvikling også framover, utan skremselspropaganda frå gigantomanien som brer seg. Store rekruteringsproblem vart det sagt frå Eid på presentasjonen, kva for rekruteringsproblem? Ledige jobbar i Gloppen er populære og vi er inne i ei god utvikling. Ein ting er sikkert, den dagen vi er samanslegne, startar den indre krigen. Samarbeid mellom to likeverdige kommunar har eg mykje meir tru på.
For kven snakkar om kommunale tenester i dette bildet? Ingen! Alle trekkjer fram statlege og fylkeskommunale tenester! Trur noken heilt ærleg at “Nordfjord” kommune, ein kommune med 12000 innbyggjerar plutseleg og automatisk skal styre stat og regjering i sin favør? Både tragisk og komisk, slik eg ser det! Høgre og Frp gjekk til val på å fjerne fylkeskommunane, men kva skjer? Ein kjend hersketeknikk er å splitte og herske, no er alt sett i spel, både fylker og kommunar. La dei kommunane som verkeleg er for små og har rekrutteringsproblem, eller som naturleg veks i hop, slå seg i hop. Her som fjorden splittar, må i alle fall ei bru kome først! Stem NEI! Lenke her. (trykk her)

 

Legg igjen kommentar