Overgrepsmottak, Helseføretaka sitt ansvar frå 01.01.2016 etter Stortingvedtak i mai 2014.‏

Postet 12. februar 2016 |

Det vart på bakgrunn av Stortingsmelding nr.15 (2012-2013) «Forebyggelse og bekjempelse av vold i nære relasjoner» fatta vedtak i Stortinget mai 2014 om at helseføretaka skulle ta over ansvaret for SO-saker medan kommunane ved legevaktene skulle ha ansvaret for VNR. Frå 1. januar 2016 er ansvaret for seksuelle overgrep (SO) lagt til helseføretaka, ansvaret for vald i nære relasjonar (VNR) ligg fortsatt til kommunane. Intensjonen med reforma har vore å skape eit robust og likeverdig tilbod for overgrepsutsette menneske i heile landet, uavhengig av bustad.

Sak til Formannskapet i Gloppen kommune 15.02.2016 sak 018/16

 

Overgrepsmottak

Forslag til vedtak frå Samfunnsdemokratane i Gloppen

(Mykje lik tilråding og deler av saksutgreiing til helse-og sosialutvalet i Eid kommune 12.2.16 )

Gloppen kommune sluttar seg til ei felles løysing i Sogn og Fjordane av drift av overgreps- og valdsmottak ved Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt (SYS-IKL), lokalisert til Førde. Ordninga skal førebels gjelde for 2016. Kostnadane for 2016 kr 83.872 skal innarbeidast i revidert budsjett.

Grunngjeving:

Når det gjeld seksuelle overgrep – og vald i nære relasjonar (VNR) som omfattar seksuelle overgrep, må det igjen understrekast at det er helseføretaket som har ansvaret for mottak, behandling og oppfølging av pasientane. Media har framstilt kommunane som ansvarlege for at «overgrepsmottaket» i Førde evt. kan bli lagt ned, og at dei som er utsette for seksuelle overgrep ikkje vil få forsvarleg hjelp. Desse pasientane er, uansett organiseringsmodell, Helse Førde sitt ansvar.

Kommunane har ansvar for VNR-sakene og desse pasientane får oppfølging og hjelp av legevaktslegane i kommunane.  Uansett kjøp av tenester hos SYS-IKL må legar i legevakt tileigne seg ein viss formell grunnkompetanse. Det er dei som i første omgang tek imot pasientane, oftast i samarbeid med politiet. Det er særs viktig å avklare og synleggjere ansvaret og oppgåvene til både politi og helsepersonell, for å kunne sikre både helsa og rettstryggleiken til pasientane i slike akutte situasjonar.

Talgrunnlaget som SYS-IKL og Helse Førde baserer kostnadsfordelinga på – i eit samla overgreps-/valdsmottak – verkar noko usikkert, jfr. at fordelinga av tal saker er omvendt i høve til erfaringar frå andre samla overgreps-/valdsmottak.

Samfunnsdemokratane rår til at administrasjonen nyttar 2016 til nærare faglege og økonomiske vurderingar av kva som i framtida (frå 2017) vil fungere best for dei personane som vert råka.

Legg igjen kommentar