Innlegg 18.01.2016 høyring stortinget

Postet 18. januar 2016 |

Gunnvor A. Sunde, vara til sjukehusaksjonen Nordfjord, mor til fem og tidlegare styremedlem Helse Vest.

Leiar.
Takkar for invitasjonen til å få sagt nokre ord på vegne av sjukehusaksjonen Nordfjord, ein aksjon som har kjempa for likeverdige helsetilbod med resten av landet sidan 2002, og det er slik eg ser det engasjerte politikerar og aksjonistar som har sikra det vi har att, og kampen fortset med pasienten i fokus.

Allereie 14.01.2007 ba eg som styremedlem, Helse Vest vurdere randsoneproblematikken for Helse Førde, særleg med tanke på akutt-og fødetenester.
No nøyaktig 9 år seinare står vi opp i det same, bortsett frå at vi har mista akutt-og fødetenester både i Nordfjord og Sogn, og er dermed avhengige av Voss og Volda. No ber Volda om fornying av grense-avtalen som mange Nordfjordingar treng for å kjenne seg trygge i kvardagen.

Sjølv om det i si tid var teke avgjerdsle om at det i framtida skulle satsast på 2 lokalsjukehus og eit sentralsjukehus i Sogn og Fjordane, sit vi, slik vi ser det att med to medisinske senter, eit på Nordfjordeid og eit i Lærdal, og eit sentralsjukehus i Førde.
Er dette likeverdigt med resten av landet?
Og kor skal utkantane våre få akutt-og fødetenester med vidare nedbygging rundt oss? Helse Vest fokuserer på tal innbyggjerar, kva med avstandar, værtilhøve, og rekruttering?
Før nedbygginga på Eid 10 overlegar, så ein og no auka til tre, derav to utanlandske.

Alle løfta om at ingen sjukehus skal leggast ned, er forlengst brotne.
At alle er fornøgde med sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane i dag, er blank løgn.
Eg vil sitere litt frå svaret eg fekk frå ordføraren i Gloppen, som og er leiar i Nordfjordrådet, sitat: “det er brei semje blandt ordførarane at vi må ha fokus på å berge funksjonar som finst i Volda, og ikkje på Eid, som akutt-og fødetilbod.” Sitat slutt.

Dei som opplever dramatikk og traumatiske hendingar i møte med helsevesenet har sjeldan krefter til å ta kampen med eit gigantsystem som foretaksmodellen er.
Difor er det, kjære folkevalde, vi i aksjonsgrupper og de som medmenneske som må tale taparane i dette systemet si sak, og taparane er kvinner, barn og gamle.

Legg igjen kommentar