Lokalsjukehus, kva er forskjellen på det og medisinsk senter?

Postet 15. desember 2015 |

Heilt sidan tanken om “framtida sitt lokalsjukehus” oppstod har Samfunnsdemokratane (SD) vore uroa over kva dette bortfallet av akutt-kirurgi og mulegheit til å føde i eige distrikt, kunne føre til for busetjing og verdiskaping, utifrå dei servicetilboda vi som innbyggjerar ser føre oss i 2015-2030 og vidare.
Helseministeren sitt framlegg til helse-plan (sjukehusplan) har uroa oss enno meir.
Møtet om sjukehuset i Volda i dag, som grunna manglande tilbod i Nordfjord også fungerer som akutt-og føde tilbod for deler av Nordfjord, føyer seg inn i rekkja av det vi ser som ei vidareføring av modellen legeforeininga sterkt har avslege innført som ein trygg framtidig modell.
Så kvifor er helseministeren for?
Og kvifor seier helseministeren vår at fagfolka våre i distriktet (som kjenner kor skoen trykkjer) at dei har feil?

Legg igjen kommentar