Framtidig sjukehusmodell. Er det trygt å følgje Nordfjordmodellen? Kva med akutt-responstida på 1-EIN-time‏?

Postet 27. november 2015 |

Grunngjeve spørsmål til ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad frå Samfunnsdemokratane sin leiar, Gunnvor A. Sunde, formannskapsmedlem i Gloppen og tidlegare styrerepresentant i Helse Vest:

Helseminister Bent Høie (H) sin glansbileteversjon av Nordfjord sjukehus som eit føredøme for framtida sine lokalsjukehus, blir no brukt for å legge ned sjukehus rundt i heile landet.

Samfunnsdemokratane er sterkt kritiske til at Helseministeren skubbar nordfjordingane føre seg som alibi for å rasere sjukehus-norge på denne måten.

Kva vil ordføraren vår gjere for å hindre dette i solidaritet med nordfjordingar som treng tilboda i Volda, og andre i heile landet som no står i fare for å misse viktige funksjonar vi alt har mista på sjukehuset i Nordfjord?

Bakgrunn:

Helseministeren har den siste tida brukt Nordfjord sjukehus som døme på vellukka omdanning til framtidsretta lokalsjukehus.

Det er lenge sidan sjukehuset i Nordfjord hadde fødetilbod og 24-timars akutt-kirurgisk beredskap, og mange fleire område (distrikt) i heile landet står no i fare for å misse denne viktige beredskapen, som blir avgjerande for at folk skal kjenne seg trygge og ønskje å busetje seg og skape verdiar i heile landet.

Pasientbehovet må vere styrande for strukturen, no er det styringsmodell og sentraliseringsiveren som legg føringane for kva tilbod pasientane får, utfrå tal på eit reikneark, i staden for omsyn til avstandar som kan vere kritisk for liv, helse og tryggleik.

Kvalitet og pasienttryggleik må i større grad bli førande for korleis vi innrettar sjukehusa våre.

I Europa er det, utruleg nok, Norge som no har lengst ventetid og kortast liggetid, ofte med fare for re-innlegging, og tal sjukehus-sengar er halvert, noke som igjen fører til ein pressa situasjon for kommunehelsetenestene.

Å auke sengetalet og ferdigbehandle pasientane før utskriving må vere målet.

Når vi veit at velfungerande lokalsjukehus er livreddande, kvifor får det så lite merksemd i helsedebatten i Norge?

Kvifor skal det leggast ned fleire gode sjukehus?

Nordfjord hadde eit svært oppegåande sjukehus før nedbyggingane starta.

I Nordfjord har det kome nokre polikliniske tilbod og forbetra tilbod for kronikarar, som betre kapasitet for dialyse, dette kan aldri erstatte tilbod innan akuttkirurgi og føde, og dette er tilbod som burde ha kome i tillegg til det som har vore bygt opp i Nordfjord gjennom generasjonar.

Erfaringane syner at det er aukande tal transportfødslar, stadig fleire får lenger reisetid, og bruk av ulike IKT-system gjer det vanskeleg å samhandle over føretaksgrensene. Då hjelper det så lite med intensjonsavtalar om samarbeid. I tillegg kan geografiske tilhøve og værforhold hindre framkomst til sjukehus lenger unna, tidsnok.

På Nordfjord sjukehus er det i dag mykje som er bra, men der er også mykje som kunne ha vore mykje betre. Dei fleste gløymer at vi hadde eit oppegåande sjukehus som vi fekk i gåve frå privatpersonen Singer, og som den gongen var av dei beste sjukehusa i Europa. Nordfjord sjukehus kunne og burde også i dag ha vore av dei beste i Europa.

I Volda har det aldri vore samla så mange som i fakkelaksjonen for sjukehuset denne veka, og Volda er no ein del av akutt-og fødetilbodet vårt som då står i fare for vidare nedlegging.

Ordføraren vår er no leiar i Nordfjordrådet som og har fleire nye ordførarar. Minst tre av ordførarane, to nye og ein med fornya tillit: Hornindal, Vågsøy og Stryn, gjekk ut på NRK og sa dei vil sjå på utspelet frå ordføraren i Volda om å støtte sjukehuset der.

Nordfjordrådet må snarast ta seg tid til å gå igjennom historia til Nordfjord sjukehus og sjå på korleis ting har vore, og korleis det er no.

Samfunnsdemokratane har god grunn til å meine at biletet er litt annleis enn Helseminister Høie og Helse Førde/Helse Vest likar å framstille det.

Vil legge ned akuttfunksjonar.

Nyleg var helseminister Bent Høie i Sogn og Fjordane for å sjå nærare på modellen der legespesialistar overvakar og rettleier legar på lokalsjukehusa via ein skjerm. Der fekk han sjå korleis legane ved lokalsjukehuset stod i kontakt med både fastlegar og spesialistar ved sentralsjukehuset i Førde.

– Vi har funne ein modell for korleis vi skal trygge dei små sjukehusa. Småsjukehusa er viktige for å kunne gje folk ei god helseteneste, uansett kvar ein bur i landet, seier Høie til NRK.

– Vi ser at vi på denne måten kan halde oppe eit akuttsjukehus utan å måtte ha eit akuttkirurgisk tilbod 24 timar i døgnet. Då kan vi ha eit dagkirurgisk tilbod, der dei små sjukehusa arbeider saman med dei store, seier Høie til NRK.

Samfunnsdemokratane meiner at tilbod som på Eid med 60 dagar planlagt dagkirurgi, umuleg kan erstatte akuttkirurgisk beredskap.

Blant legar i Volda, og stadig fleire stader i landet, blir denne måten å organisere sjukehusa på, karakterisert som ei snik-innføring av lokalmedisinske senter, og teke imot med protest-demonstrasjonar.

-Som legar er vi opptekne av å ha kvalitet på behandlinga, og det er ikkje mogleg med ein slik modell. Dette fører berre til at lokalsjukehusa blir lagde ned, ingen videoskjerm kan erstatte dei øvde hendene til ein buk-kirurg, seier lege Heggedal i Volda. Legane trur at helseministeren ikkje tør å legge ned lokalsjukehusa, men at han ribbar lokalsjukehusa for viktige funksjonar.

– Han ønskjer å sentralisere sjukehustenestene. Det er nok vanskeleg å legge ned lokalsjukehus. Dermed lagar helseministeren ein konstruksjon som heiter nærsjukehus. Men dette er ikkje noko anna enn eit distriktsmedisinsk senter, og ikkje eit sjukehus, seier Heggedal, til NRK.

Samfunnsdemokratane ønskjer tryggleik for liv og helse til alle, og utfordrar den nye ordføraren også gjennom rolla som leiar for Nordfjordrådet, til å jobbe for eit minstekrav om akutt-og fødetenester på lokalsjukehusa, i tråd med det som kom fram på grasrothøyringa om lokalsjukehusa på Stortinget 12.08.2015. Der SP var representert ved leiar Trygve Slagsvold Vedum, 1. Nestleiar helse-og omsorgskomiteen Kjersti Toppe og medlem i arbeids-og sosialkomiteen Per Olaf Lundteigen.

 

Legg igjen kommentar