Felles veguttale om E-39 frå Gloppen kommunestyre 2.11.15

Postet 2. november 2015 |

KRAV OM UTBETRING AV STREKNINGA BYRKJELO-SANDANE PÅ E39

Gloppen kommunestyre krev at det på statsbudsjettet for 2016 vert sett av tilstrekkeleg planleggingsmidlar til å gjennomføre opprustning av strekninga Byrkjelo-Sandane på E 39.

E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid vil vere E39 – hovudvegen nord/sør på Vestlandet i mange år framover. Den har ein ÅDT på over 2.200, og er såleis ein svært trafikkert veg.

20 min avgangar på ferja Anda-Lote på E39

Frå 2018 har Stortinget bestemt at det blir 20 min avgangar for ferjestrekninga Anda-Lote, noko som vil bety at trafikken langs dagens trasé Byrkjelo-Sandane kjem til å auke. Statens vegvesen har allereie lyst ut anbod for null- og lågutslippsferje på strekninga Anda-Lote.

Flaskehalsar må utbetrast straks

Fleire stader på strekninga Byrkjelo-Sandane er vegen smal, svingete og ulykkebelasta og har ein standard slik den vart bygd på 1930-talet. Det gjeld i særleg grad flaskehalsane i Gullkista i Breimsfjellet og Jarbru-Eide.

Auken i tungtrafikk gjer flaksehalsane til eit aukande problem for næringslivet lokalt og regionalt. Dersom flaskehalsane vert fjerna er det eit stort potensiale for ein vidare sterk auke i godstrafikken og derav verdi for lokal og regionalt næringsliv.

Gang og sykkelveg

Strekninga og trafikken gjennom Reed representerer ei svært stor belastning for dei mjuke trafikantane, særleg med omsyn til tryggleiken til borna i området og deira behov for trygg skuleveg og transport til og frå barnehage og fritidsaktivitetar. Tida for gang- og sykkelveg i dette området er overmoden. Planen bør tilrettelegge for syklande på heile strekninga.

For Gloppen kommunestyre er det svært viktig å understreke at strekninga E39 Byrkjelo- Sandane treng opprusting no!

Kommunestyret krev at det vert gjeve klarsignal i statsbudsjettet for 2016 til at Statens Vegvesen skal bruke planleggingsmidlar til utbetring av strekninga Sandane-Byrkjelo. Dette har også full støtte i Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane og i alle politiske parti i fylket.

 

Legg igjen kommentar