Leiaren har ordet

Postet 31. oktober 2015 |

Sidan det er Friluftslivets år, har eg gjort meg nokre tankar etter sist formannskapsmøte i Gloppen.
Samfunnsdemokratane har fått fornya tillit av folket, og skal vere med å legge til rette for trivsel, busetnad og gode tenester i kommuna. Leiaren har og plass i formannskapet, og det er ofte der ein kjem først og tettast på sakene. Formannskapet er og klageorgan.
Det klaga handla om i sist møte 28.10.15 er ein veg inn til eit flott og mykje nytta friluftsområde. Vegen går inn mot nye hytter og eit gamalt støylsmiljø som blir halde i stand, til glede for fleire enn dei som eig det. Vegen inn er strengt regulert med låst bom der berre grunneigarane har nøkkel. Og slik har det vore sidan vegen var bygd i 2009.
Gloppen og tilreisande gjester har tidlegare i haust feira 25-års-jubileum for ein annan støyls-veg, og vi har etter kvart fått mange flotte vegar som gjer det muleg for alle å kome seg til fjells, også dei som har utfordringar med å kome seg fram til fots.
Alle desse vegane burde vere ei glede i friluftslivets år, difor syns eg det er trasig når mange instansar skal bruke so mykje tid og ressursar på denne klagesaka.
Eg har siste åra vore med på mange diskusjonar om bruk og vern, og syns etter kvart at det har blitt ei forståing for at ein ikkje berre kan verne, naturen må og brukast med sunn fornuft. Fleire gongar har eg teke til orde for at eg har full tillit til grunneigarane at dei skjøttar eigedomane sine godt, så og i dette tilfelle, der det er lagt ned mykje tid og pengar.
Fleirtalet i formannskapet: Senterpartiet og Samfunnsdemokratane, tok ikkje klagen til følgje, og gjekk for rådmannen si innstilling, med nokre tillegg. Vi ønskjer at vegen som ligg der, fortsatt skal få ligge til glede og nytte også i framtida.
Formannskapet oppmoda einstemmig den fylkesmannen som skal behandle saka, om å kome på synfaring. Å sjå med eigne auge det ein skal avgjere, er viktig, og heilt nødvendig i ei klagesak.
Eg håpar og trur at dette skal løyse seg til det beste for alle partar, slik at vi ilag kan nyte resten av friluftslivets år, og bruke tida vår på noke meir skapande enn unødige konflikter.
For dei som er interessert i å sjå saka, er saka å finne på Gloppen kommune si heimeside. Sak 117/15.

 

Legg igjen kommentar