Samfunnsdemokratane oppfordrar til å støtte TV-aksjonen 2015‏

Postet 17. oktober 2015 |

Inntektene frå TV-aksjonen i år går til Regnskogfondet sitt arbeid med å redde regnskog i nært samarbeid med dei som bur der.
Midlane frå aksjonen skal redde eit regnskogområde større enn heile Noreg og Danmark til saman.
Regnskogane i verda er utsette for eit veldig press, kvart minutt forsvinn store områder for all framtid.
For dei 260 millionar menneska som bur i regnskogen og lever av ressursane der, er konsekvensane dramatiske, dei misser både heimen og levebrødet sitt.
Regnskogen forsyner verda med mat, vatn og medisinar, og bidreg med å redde klimaet.
Søndag 18.10.15 kan vi alle gje litt for å hjelpe.

Legg igjen kommentar