Samfunnsdemokratane vil takke dei som støtta oss i valet

Postet 17. september 2015 |

Folket har talt og slik vart fordeling av mandat i Gloppen kommunestyre:
Senterpartiet 11
Kristeleg folkeparti 7
Arbeiderpartiet 2
Samfunnsdemokratane 2
Høgre 2
Venstre 1
Sosialistisk Venstreparti 1
Miljøpartiet Dei Grøne 1

Det nye kommunestyret i Gloppen er verdt ein likestillingsstudie, med 9 kvinner av 27 representantar.
Senterpartiet hadde over halvparten kvinner på lista si, og røysta inn berre 3 kvinner av 11 representantar. Krf den andre valvinnaren var ikkje so overraskande, sidan dei i utgangspunktet hadde lite kvinner på lista si, og kom inn med 1 kvinne.
Så valvinnarane sit med 4 kvinner av 18 mandat.
Det er partia H, SV, MDG og SD som med sine kvinnelege listetoppar og stemmegjeving bergar kvinnerepresentasjonen i det nye kommunestyret med sine 6 mandat, der 4 er kvinner.
Venstre med sitt eine mandat har heller ingen kvinner på varalista. Ap sitt 2.mandat sikra også ei kvinne inn med sin 4. Kandidat som vart røysta opp gjennom tilleggstemmer.
Når vi tenkjer på kommunal verksemd er det mest kvinner som får dagane til å gå rundt og syte for velferdstenestene spesielt i oppvekst og eldreomsorg, og støttetenester. Mange er leiarar med 30-40-50 tilsette, og fleire, noke som elles ville representere ei stor bedrift kvar for seg.
Kvifor har då Glopparane så lite tru på kvinner i politikken?
Før valet var vi fleire som la ut oppmodinga om å krysse kvinner inn. Dessverre røyster Glopparane tradisjonelt og skyv kvinnene nedover på lista, og dei politiske fora blir dermed svært mannsdominert også dei komande fire åra.
Kanskje er det nettopp dette som gjer at fleire har sagt det er vanskeleg å få kvinner på listene. Kvifor stille opp berre som stemmesankar?
Det blir spennande å sjå kva utslag dette gjev for trivselkommuna.
Å sitje med to representantar som H og Ap og vere dobbelt så store som SV, V, og MDG, alle landsdekkande parti, er umuleg å kalle eit nederlag.
Leiaren hadde gjerne sett at veljarane brukte lista vår for å sikre mange fleire av dei flinke folka våre inn, det må no bli ved seinare val.
Når vi no skal starte det politiske arbeidet, er der kun 8 utanom SD sine representantar som føl med over frå sitjande kommunestyre. Håpet mitt er at alle går inn for å få til eit godt samarbeidsklima, og at vi held saksfokus, i stadenfor personfokuset vi har sett i både forrige periode og no i valkampen.
Samfunnsdemokratane har nettopp starta og har enno mykje ugjort. Vi skal fortsetje å jobbe for eit godt Gloppensamfunn med god næringsutvikling, openheit, inkludering og trivsel.

 

Legg igjen kommentar