Nokre glimt frå Samfunnsdemokratane sitt arbeid

Postet 3. september 2015 |

“Start med å gjere det som er nødvendig, så greier du å gjere det som er muleg, så er det plutseleg muleg å gjere det umulege.”

Store administrative endringar har påverka det politiske arbeidet og miljøet. Den største endringa i den første kommunestyreperioden vår var tilsetjing av ny rådmann i
Trivselskommuna der vi har eigen Trivselhage, i tillegg til mange andre gode anlegg. Det som no hastar er tiltak for uorganisert ungdom, som mulegheiter for motorsport.

At Gloppen burde ha ein næringssjef har vi jobba med sidan oppstarten av partiet. Han er no komen på plass, og ser ut til å vere ein etterlengta link inn til næringslivet, grunneigarar, frivillige og organisasjonar.
Vi trur at stillinga på sikt skal gje ringve
rknader med nyetableringar og vekst i næringslivet lokalt.

Før den store lærarstreken sende SD uttale til Kommunenes sentralforbund.
Ein av føresetnadane for ein god skule er ein open dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar basert på tillit og respekt.
Vi har full tiltru til det arbeidet lærarane utfører.
Lærarane sitt arbeidsår er komprimert for at lærarane skal vere til stades når elevane er til stades. Dette meiner vi er til beste for elevane og er ei ordning som har fungert i mange år.
Det hjelper ikkje elevane at lærarane skal arbeide i 7 veker når elevane ikkje er til stades utan at den totale arbeidstida skal utvidast. Ein konsekvens av dette vil vere at det vert mindre tid tilgjengeleg for elevane i skuleåret. Dessverre vart vi stånde utan nok støtte om skulemat, noke vi vil fortsetje å arbeide for.

Vi i SD vil og fortsetje med å fokusere på at Gloppen skal vere ei god kommune å leve og arbeide i for alle i framtida.
Ei oversikt over kommunalt tilsette viste at 92 kvinner i deltidsstillingar under 51% deler 28 stillingar. Vi er opptekne av at Gloppen kommune skal tilby ein jobb å leve av, og dette blir følgd opp i arbeidet med fokuset på heiltid-deltid.
Det som er aller mest gledeleg er at fleirtalet no har støtta arbeidet vårt med auka grunnbemanning, det syner at å stå på, og ikkje gje opp, gjev resultat.

Viktige saker for Gloppen si framtid, som kraftutbygging og å ta tilbake kraftstasjonane på ein god og framtidsretta måte, har no fått sitt fleirtalsvedtak med 30% medeigar mot våre stemmer. Varige verdiar vi gjerne skulle hatt med vidare 100% i kommunalt eige.

Å sikre næringsutvikling med mellom anna god infrastruktur som vegar, regularitet på flyplassen vår og etablering av nye mulegheiter, er avgjerande for framtidig utvikling. Spesielt Gloppen som destinasjon for opplevingsturisme, har teke for lang tid, og for mykje ressursar.
Og fleire areal-og utbyggingssaker har ført til dispensasjonar, noke som må følgjast opp av det komande kommunestyret med betra planverk.
Det langsiktige arbeidet med gode planar som sikrar tilrettelegging for nyetableringar og utvikling av det eksisterande, og å sikre god drift av lovpålagde tenester, er ei prioritert oppgåve framover.
Alt dette er saker som syner at den politiske innsatsen berre må aukast, og arbeidsvilkåra for alle både tilsette og politikerar er avgjerande.

SD stod også løpet ut med å få inn igjen tilbodet for dei fødande med å behalde tilbodet om God Start på Nordfjord Sjukehus, og vart etter kvart einstemmig vedteke.
Plan for Fylkeveg 615 gjennom Hyen og likeso plan for ein meir trafikksikker veg og gongveg, Sandane-Bukta, einstemmig. No ventar vi å få på plass plan-utval for eit stort løft i Breim med tunell under Utvikfjellet, og utbetring E-39 Skei-Sandane med tilhøyrande gong-og sykkelveg.

Eit av kommunestyremedlemmene våre har ikkje hatt fast utvalsplass, noke som har vore beklageleg, då ein av gruppa gjekk over i ein viktig jobb for kommunen som ikkje er forenleg med politiske verv.

Når dette er sagt, ser vi i SD lysare på det å drive politikk i Gloppen enn på lenge.
Ei av dei viktigaste sakene framover er felles innsats for eit ope, inkluderande og nytenkjande Gloppensamfunn inn i ei livskraftig framtid.

Med dei statlege og fylkeskommunale rammene som tek form, må Gloppensamfunnet tenkje levedyktig drift uansett regjering. Hardt arbeid, langsiktig tenking, og å ha tru på det ein jobbar for, er det einaste som tel.

Avgjerdsla om indre trase på E-39, vart ein stor nedtur, og vedtaket fekk og stor innverknad på kommunereformarbeidet, der det syner seg at no også andre parti tek til orde for å fortsetje som eiga kommune.

Samfunnsdemokratane har definitivt betydd ein positiv forskjell for utviklinga av Gloppen-samfunnet, og ser fram til det vidare arbeidet.

Gunnvor A. Sunde
Leiar og ordførarkandidat
Samfunnsdemokratane

 

Legg igjen kommentar