Viktige dagar på og ved Stortinget med helsepolitikk i fokus.‏

Postet 13. august 2015 |

Gunnvor A. Sunde sitt innlegg på Stortinget 12.08.15 i høve grasrothøyring om norsk sjukehusplan.

I fleire ti-år har Norge bygd opp ein tenleg sjukehus-struktur som no blir nedbygd. Av kvalitetsgrunnar blir det hevda.
Skal vi ha ein kvalitet i sjukehusa som legeforeninga sitt vedtak på landsmøtet går imot? Det er forståeleg KUN utifrå ein grunn: sentraliseringstankegangen, der alt som er stort er flott!
Lokalsjukehus med akuttfunksjon innan kirurgi og medisin er effektivt, lønsamt og viktigast av alt: LIVREDDANDE! Og lokalsjukehusa har vist at dei kan ferdigbehandle opptil 70%-80% av dei akutt innlagde.
Likevel har vi i Nordfjord fått framtidas lokalsjukehus som i realiteten er ei snik-innføring av medisinske senter, og ei svært alvorleg NEDBYGGING av viktige akuttfunksjonar i både by og distrikt, dersom dette skal bli modellen for heile landet si sjukehusframtid. Sentraliseringstilhengerane legg vekt på alt det nye ein skal få i staden, ofte kalla lokalbaserte spesialisthelsetenester, eller nærsjukehus.
Høyrest fint og flott ut, la oss så sjå på kva vi har fått:
Poliklinikk:
Ortopedisk og kirurgisk poliklinikk er framleis fråværande slik eg forstår det.
Gynekologisk poliklinikk er open 7 dagar pr MÅNAD mot før kvar vekedag heile året med fast operasjonsdag kvar torsdag.
Og det som er gjennomgåande er dyre vikarordningar eller legar frå andre sjukehus, og for pasientane er det ofte kun 1. Konsultasjonen dei får lokalt, seinare oppfølging er sentralisert med auka transportutgifter og belastning for pasienten med bruk av ein heil arbeidsdag for eit oppfølgingsbesøk.
Ingen god samfunnsøkonomi, men ei dyr og uheldig utvikling.
Det vi treng for å sleppe å ta ned sjukehus-skiltet er:
-Styrking av intensivavdelinga som eigen post.
-Utvida opningstider ved poliklinikkane slik at dei som treng det får behandling lokalt.
-Dagkirurgi er avgrensa til 60 dagar i året, og treng utviding til alle kvardagar.
-Rett kompetanse til dei ulike pasientgruppene, der spesialpersonalet får lov å bruke kompetansen sin der den trengs.
-Pasientbehovet må vere styrande for strukturen, (no er det styringsmodell og sentraliseringsiveren som legg føringane for kva tilbod pasientane får)
Pasientsikkerheita må i større grad bli førande for korleis vi innrettar sjukehusa våre.
I Europa er det Norge som har lengst ventetid og kortast liggetid, ofte med fare for re-innlegging, og sengetalet er halvert.
Når vi veit at velfungerande lokalsjukehus er livreddande, kvifor får det så lite merksemd i helsedebatten i Norge?
Sjukehuskampen er slett ikkje over.
Eg har med meg eit gåvebrev her. Nordfjord sjukehus vart gjett som gåve til folket, etter at ein privatperson hadde bygd det opp på grunn av at beste kompisen døde av lungebetennelse. Han syns det var heilt uhaldbart at ein heil region var utan sjukehus. Og no skal liksom ikkje Norge klare å drifte det, heilt utruleg!

Sjå avisinnlegget frå demonstrasjonen utanfor stortinget etterpå her.

 

 

 

Legg igjen kommentar