Kva matpolitikk skal vi ha i Gloppen/Norge?

Postet 30. juli 2015 |

Det nærmar seg 10.000 unge under 30 år som går på blodtrykksmedisin.
Vi et oss sjuke, skal det vere nødvendig i Norge i 2015?
Det er både sjokkerande, trist og heilt unødvendig. Norge har råd til å tilby elevane skulemåltid, og det må vere på høg tid.
Gjennom ferdigmat med altfor høgt saltinnhald, og anna haldbarheits-og fyllstoff, kan vi ete på oss høgt blodtrykk, og andre livsstilssjukdomar

Samfunnsdemokratane har Mat Som Medisin i programmet vårt, men fekk lite støtte i Gloppen kommunestyre då vi ville behalde skulefrukta som regjeringa fjerna midlar til frå sentralt hald.

Som lokalpolitikerar skal vi prioritere det vi trur gagnar oss. Norge har råd til sunn mat både til den oppveksande slekt og den eldre garde.
Gloppen som ein stor jordbrukskommune og matprodusent kan gå føre med eit godt eksempel, men det skjer berre om fleirtalet som blir valde inn til hausten vil.

Så vil nok kritikerane seie at eg er vel oppteken av mat. Kvifor skal eg ikkje vere oppteken av det som gagnar både helse og økonomi, når vi ser kva eit dårleg kosthald kostar av personleg liding og utgifter for den totale samfunnsøkonomien?

Kanskje på tide å slutte å spørje kvifor rein mat er so dyr, og heller spørje kvifor ferdigmat er so billeg?

Samfunnsdemokratane ønskjer at valet i haust skal bli eit sunt matval!

Venleg Helsing
Gunnvor A. Sunde
Ordførarkandidat i Gloppen
Samfunnsdemokratane

Legg igjen kommentar