Kva vil vi med Gloppen?

Postet 3. juli 2015 |

“Det er den draumen me ber på” skriv Olav H. hauge i det kjende diktet sitt.

Min draum er å kunne jobbe med politikk på heiltid.

Den einaste politiske heiltidsstillinga er ordførarvervet.

Vi andre som no er i Samfunnsdemokratane si kommunestyregruppe og er politikarar på fritid med anna lønna jobb frå 08.-16., som sjølvstendig næringsdrivande, eller i turnus der kanskje den einaste vekefridagen går til møte, har litt andre politiske rammer å jobbe innafor.

Å kunne ha politikk som jobb og fulltidsfokus er ønskesituasjonen for meg som har vore engasjert i mange store kampar for Gloppensamfunnet: gode kommunale tilbod, Firda vidaregåande med Trivselshagen, SFE, infrastruktur, kulturtilbod osv.

Gjennom lang fartstid, både som fylkespolitikar og kommunepolitikar har eg aldri vore redd for å kjempe Gloppen si sak, med skiftande regjeringar, som alle uansett farge, har gjeve Gloppen store utfordringar.

Eg ser, og det heilt som forventa, at noken er raskt ute og skal innkassere “æra” for Gloppen sin flotte 2.plass på kommunebarometeret.

Det er ein samanhengande jobb som no blir gjort, der positiviteten endeleg har fått tak, og som alle Glopparar kan vere stolte av.

Det kan sjå ut til at nokre gløymer at der skjedde ein snunad i Gloppen-politikken hausten 2013, etter at Samfunnsdemokratane hadde stått åleine i mange saker, også budsjettdebattar. Snunad med fleirtalsforslag frå H, Krf, Ap og SD.

Det som er synd er at det kjem lite fram at SD har vore tidleg ute med mykje som no er vedteke og syner seg positivt for både innbyggjarar og tilsette, og først blitt nedstemt.

Når så andre i ettertid har fremja same saker som “sine”, har vi vore meir opptekne av å få sakene igjennom med fleirtal, enn å “ta æra”.

For innbyggjarane kan det vere vanskeleg å få auge på slikt, også utifrå at referata frå møta ofte fokuserer på det som får fleirtal der og då, når det seinare kjem att som andre sine forslag, er opptakta gløymt.

Samfunnsdemokratane har som mål å vidareutvikle Gloppen for innbyggjarane med fortsatt gode tenester, som vi kun kan få ved ein god balanse mellom det private og det offentlege. Meir skatteinntekter, betre offentlege tilbod.

For ein ordførar blir det lagt vekt på nettverk og erfaring.

Det er kva ein gjer som er avgjerande. Å få resultat må alltid vere det viktigaste!

Samfunnsdemokratane har enno mykje ugjort, med ein heiltidspolitikar vil vi kunne få gjort meir med tilrettelegging for næringsutvikling, infrastrukturbygging og tenesteutvikling.

God sommar!

Gunnvor A. sunde

Ordførarkandidat Samfunnsdemokratane i Gloppen.

Legg igjen kommentar