Folkeaksjonen mot nedlegging av distriktssjukehusa

Postet 23. april 2015 |

Stortinget i dag.
Nok ein gong er det demonstrasjon framfor Stortinget om sjukehusa våre.
Helseføretaksmodellen ødelegg for føremålet med helsepolitikken, nemleg å førebyggje sjukdom, redusere sosiale skilnader og å yte gode og likeverdige helsetenester til alle som treng det.
Vi er på overtid for å få til ei demokratiserings-og leiingsreform for sjukehusa våre.
Spesialishelsetenestene må vere desentraliserte for å sikre nærleik til akuttberedskap og behandling.
Etter dei same dårlege erfaringane i Skottland, tok dei sjukehusa tilbake til offentleg kontroll, med god erfaring. I Norge manglar denne viljen, og det fører til ei stykkpris-finansiering som gjer at lønsame pasientar blir favoriserte, stikk i strid med helselova sine intensjonar.
Helsa vår skal ikkje, og kan ikkje vere forretningsbasert slik tilfellet er i dag!
Lenke her.

Legg igjen kommentar