Gloppen i ny kommunereform

Postet 15. september 2014 |

Stortinget sitt vedtak om ei stor kommunereform er ei reform der svaret er samanslåing, spørsmålet er kva oppgåver skal kommunane løyse og kva inntekter får ein til desse oppgåvene? Men svara på desse spørsmåla får vi først etter samanslåing.
Ei vanskeleg demokratisk utfordring, der Samfunnsdemokratane er redd for auka sentralisering og byråkrati, dyrt og ineffektivt i høve dagens kommunar som sikrar verdiskaping og likeverdige tenester til innbyggjarane i heile landet.

Når vi likevel må svare på oppgåva ser vi frå Gloppen sin ståstad føre oss ein tre-trinns rakett for eit samla Nordfjord.

1. Gloppen og Eid.

Formannskapa og kommunestyra i Gloppen og Eid har alt behandla ei mogleg samanslåing med grunnlag i ei Midtre fjordkryssing Anda-Lote, dette står vi ved. Samfunnsdemokratane ser ingen grunn til å gå vekk ifrå intensjonane med ein felles bu-og arbeidsmarknad i Midtre, der vi snarleg treng 20 min. ferjeavgongar før vi kan få på plass ei flytebru som bind to jambyrdige og godt fungerande kommunar saman.

2. Gloppen-Stryn-Eid-Hornindal.

I utvidinga etter at vi har fått på plass flytebrua, ser vi føre oss å innlemme Stryn og Hornindal, noko som då avheng av hol i Utvikfjellet og vil føre til ein enda større og meir slagkraftig og samla bu-og arbeidsmarknad i Indre Nordfjord.

3. Eit samla Nordfjord.

Å samle heile Nordfjord (alle Nordfjordkommunane inkl.Davik/sørsida av Nordfjorden som no tilhøyrer Bremanger kommune).
Å samle heile Nordfjord som ein godt samansett, slagkraftig og bærekraftig region med veldrevne tilbod for innbyggjarane våre, vil vere mest framtidsretta som ein naturgjeven region.

Legg igjen kommentar