Ope brev frå Samfunnsdemokratane (SD) til ordførar og oppvekstutvalet i Gloppen

Postet 2. juni 2014 |

Ernæring og læring høyrer saman. Samfunnsdemokratane vil oppmode oppvekstutvalet å fortsetje ordninga med skulefrukt. Sjølv om regjeringa har sendt signal på å ta vekk denne ordninga ser vi at kostnaden med å ta vekk skulefrukta er mindre enn ulempene med å ta vekk noke som fremjar helse og trivsel i skulen. Og ei betalingsordning er heller ikkje utan tid og kostnad å administrere.

Samfunnsdemokratane har Mat som Medisin i programmet vårt og kan ikkje sjå på at ei slik ordning berre blir fjerna, så difor kjem vi med denne oppmodinga til ordføraren og oppvekstutvalet då SD manglar representant i utvalet.Eit variert, næringsrikt og rett samansett kosthald kan vere med på å førebygge og behandle sjukdom og lidingar, og avgrense livsstilsjukdomar.

Vi vil og jobbe for å utjamne skiljet mellom rike og fattige, og vi ønskjer difor at Gloppen-politikerane legg vekt på at alle tilbod i skulen skal vere gratis. Mange unge droppar frukosten, og treng frukta for å bli meir opplagde i løpet av skuledagen.

Vi ønskjer auka fokus på helse og ernæring, og vil minne ordføraren på at han som ein av 25 ordførarar i fylket, skreiv under på at han støtta den landsdekkande kampanje om skulemat. Å ta vekk frukta er eit steg i feil retning for korleis SD ønskjer utviklinga i Gloppen-samfunnet. At vi prioriterer frukt i skulen er med å vise at vi ønskjer kvalitet i alle ledd for innbyggjarane i landbrukskommuna Gloppen.

Legg igjen kommentar