Sogn og Fjordane tapar mest

Postet 31. mai 2014 |

Sogn og Fjordane misser dobbelt så mykje inntekter per innbyggar som det nest hardast råka fylket.

Fylkespolitikarane som måndag og tysdag var samla på Hermansverk, slit tydeleg med å ta inn over seg kor hardt regjeringas føreslegne inntektskutt på 265 millionar kroner kjem til å råke vidaregåande skular, buss-, båt- og ferjesamband, vegbygging, næringsutvikling, tannhelse og kulturtilbod, om det blir sett ut i livet. Lenke her.

Dette og andre saker blir tatt opp på gruppemøte 1 juni klokka 19:00

Legg igjen kommentar