SD Leiaren sitt innlegg for midtre trasé på E39 gjennom Sogn og Fjordane

Postet 16. april 2014 |

Regjeringa har sagt dei vil sjå ting i samanheng og satse på infrastruktur -utbygging.

Traseen for framtidig E39 gjennom Møre er no fastlagt til Ulstein , Hareid og Sulesund.
I Nordfjord vil vi ha samme virkning av ferjefri E39, bort med ferjene, fordi fjordane er det største hinderet i å sjå ein samla bu og arbeidsregion med høve til utvikling og økonomisk vekst, sei Gunnvor A. Sunde.

Ved å velje Midtre trase i Sogn og fjordane tek vi vekk to ferjer i same slengen. At det kostbare Hafast på Møre må føre til det billegaste Indre i Nordfjord, kan umuleg vere eit seriøst argument for den nye

Regjeringa som har sagt dei vil sjå ting i samanheng og satse på infrastruktur -utbygging.
Eg blir uroa over at avgjerda dreg ut, liksom eg vart uroa over at statssekretær Bård Hoksrud vart glad for tydelege signal frå Nortura om å velje indre på stamvegkonferansen i Førde, sei Gunnvor A. Sunde.

Kor den eine fabrikksjefen har sitt mandat ifrå veit ingen, og bønder eg har snakka med er i harnisk etter utspelet.
Å knyte saman regionar, må bety å ha eit senter med kort radius i alle retningar, nemleg som midtre, der ein ikkje tek omsyn berre til enkeltaktørar, men heile samfunnsrekneskapet!
Eg har fått eit godt inntrykk av ein klok Samferdselsminister, eg set no mi lit til han, at han ønskjer utvikling for heile Vestlandet, og innfrir intensjonen om ferjeavløysing.

Og Knyt saman ein region med stort framtidspotensiale, sei Gunnvor A. Sunde som ønskjer alle saman ei God påske.

Lenke til facebook midtre.

Legg igjen kommentar