Ja til E39 og bru i midtre Nordfjord

Postet 14. april 2014 |

HAFAST vald som trasé for ferjefri E39 mellom Ålesund og Volda.

Det er dei store positive samfunnsmessige konsekvensane ved å velje HAFAST som ligg til grunn for valet. Sjølvom investeringa ved å la E39 gå via FEFAST ville vere lavare, er det dei overlegent mykje større regionsmessige konsekvensane med omsyn til m.a. bu- og arbeidsmarknad som har gjort valet av HAFAST enkelt. Får ein ny infrastruktur med bruløysing mellom Ålesund og Ytre Sunnmøre vidare til Volda/Ørsta via Eiksundsambandet vil det vere revolusjonerende viktig.

Ut fra det same resonnementet må det no tvillaust ligge “i korta” at den same Regjeringa som no har valt HAFAST, også samlar seg om og vel MIDTRE line mellom Volda og Skei. Då vil også ytre og midtre Nordfjord verte knytta til Sunnmøre ferjefritt med Voldsfjordkryssing og Nordfjordkryssing. I tillegg til dei store og positive regionale konsekvensar det vil få, vil det også tvillaust kunne starte ein debatt om ei effektivisering og økonomisering av t.d. Sjukehus- og flyplasstruktur.

Regjeringa ser dermed heilheita ikkje berre kortsiktige og lokale interesser, men heilskap med å løyse vekk dyre ferjer med bruer bygd på offshoreteknikk, nye kommunestrukturar og folkemassane som bur her.
Dei ser minst 100 år frem i tid, dei ser HEILHEITA med i dag å ha valg HAFAST.

http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/2014/Ferjefri-E39-i-More-og-Romsdal.html?id=757398&utm_source=twitterfeed&utm_medium=twitter

Legg igjen kommentar