-
Widerøes satsar på Hovden og nye flytyper
Widerøes vil opprette direkte morgonrute frå Ørsta Volda lufthamn Hovden til Bergen i september. Lenke her.
-
Sogn og Fjordane Fylkeskommune som majoritetseigar utan styrefleirtal?
Samfunnsdemokratane sin politikk står for rettferdig fordeling av verdiskapinga, og for meir innsyn. Fylkespolitikerane skal handsame sak om felles verdiar med lukka innsyn, slik blir det ofte i delprivatiseringar av offentlege verdiar. Så gjenstår det å sjå korleis fylkeskommunen klarer seg som offentleg aktør ilag med private interesser. Endar fylket opp som majoritetseigar utan styrefleirtal? Lenke her.
-
Medlemsmøte for SD
Hugs Medlemsmøte for SD 16.april kl 19.00 3.etg. i Heradshuset på Sandane. Vi får besøk av leiar for Sandane Næringshage. Utvalsmøte-sakene finn de på heimesida til Gloppen kommune etter kvart som dei blir lagde ut. Velkomne!
-
God påske!
Samfunnsdemokratane ønskjer alle ei trygg og god påske! Hugs møte i Mardal skule 3. April. Sjå Gloppen Motorklubb.
-
Uttale frå Samfunnsdemokratane sitt fylkesårsmøte 2012
Vi vil jobbe hardt for å samle fylket i å snu tankegangen frå nedbygging til utvikling. Samfunnsdemokratane, det nye valalternativet, vil investere i skular, helse, mat, veg og breiband. For Samfunnsdemokratane er lokalt eigarskap og bygging av infrastruktur i heile landet det viktigaste tiltaket for næringsutvikling. Vi må ha eit skikkeleg løft i den neste nasjonale transportplanen, ikkje minst for ferjefri E-39 gjennom Sogn og Fjordane, og auka fokus på gang-og sykkelvegar. Samhandlingsreforma utfordrar oss til å setje mennesket ...
-
Oppdatert vedtak om val av trase for E39 igjennom Nordfjord
Sak til kommunestyret 19. mars 2012 Bakgrunn for saka: Fylkestinget i Sogn og Fjordane har med klart fleirtalt vedteke at E39 skal følgje dagens trase frå Skei til Lote med bru over Nordfjord mellom Lote og Anda. Det vidare trasevalet frå Lote til Volda er ikkje gjort fleirtalsvedtak om. Statens Vegvesen har i sin KVU tilrådd 2 alternativ der det eine går med bru over Lote-Anda i samråd med fylkestinget sitt vedtak. Dei har samstundes klargjort at S-alternativet er uaktuelt som traseval ...
-
Samfunnsdemokratane mot nye mål
Etter ha feira eitt-årsdagen med god hjelp av Reklamefirmaet Kib og Morits, satsar SD no vidare på innsamling av 5000 underskrifter til partiregisteret. Underskriftslister på bokmål og nynorsk finn de lenger nede på sida. Her er nokre få bilder frå feiringa.
-
Samfunnsdemokratane feirer 1 års-dag 8.mars 2012
Info Samfunnsdemokratane mars 2012 I mars blir programmet tett for vår del, vi har tre strake torsdagar på rad med møte, og feiring. Grunna eigne vedtekter og tid, kjem vi til å skilje mellom årsmøtet og 1-årsfeiringa. 1.mars i kommunestyresalen kl 19.00 er det vanleg styre/gruppe/medlemsmøte med utvalssaker som skal til behandling i dei forskjellige utvala og formannskapet veka etter. - Sakene finn de på heimessida til kommunen http://gloppen.kommune.no etter kvart som dei blir lagde ut. - Geir har ...
-
Gloppen Motorklubb er starta
Gloppen Motorklubb har fått si eiga facebook gruppe. Lenke her.
-
Samfunnsdemokratane sin uttale om E39
E39 gjennom Nordfjord – Framtid eller fortid Vi er vitne til at Statens vegvesen under sitt arbeid med KVU for E39 gjennom vårt fylke presterer å tilrå flytting av E39 frå dagens trase over Lote-Anda til inste botnen av Nordfjord for å spare staten for etter eige utsegn 2-4 milliardar kroner. Ved denne flyttinga får 4 av 6 kommunesenter i Nordfjord betydeleg lenger veg til hovudtrafikkåra nord-sør gjennom fylket. Regionflyplass for Nordfjord(Sandane Lufthamn) I tillegg fjernar ein denne ...
-
Motorsport i Gloppen
Er du interessert i at vi skal prøve å få til eit tilbod for motorsport ? Område/hus for skruing, mekking og køyring? Då blir det samling for interesserte i motorsport og mekking i Gloppen kommunestyresal onsdag 1 Februar kl 1930. Det blir diskusjon om foretaket sjenerelt samt oppretting av arbeidsgrupper.Håper på godt fremmøte for dette må vi no få til, da det er så mange som er intereserte. Er det andre utenom kommunen som er ...
-
Skjema til Partiregistrering
Her finn de registeringsskjema til Samfunnsdemokratane på nynorsk og bokmål. Registeringsskjema (Ny-norsk) her Registeringsskjema (Bokmål) her
-
Gloppen sin uttale om E39
Formannskapet i Gloppen vedtok på møtet den 12. januar 2012 Gloppen kommune sin uttale til KVU-en om E39 mellom Skei og Ålesund. Gloppen går sjølvsagt heilhjarta og samrøystes inn for midte trasé, med bru mellom Anda og Lote. Lenke her.
-
Møteplan SD
Kommunen sin møteplan her. Styre/gruppe/medlemsmøte for Samfunnsdemokratane: Måndag 9. Januar Torsdag 26. Januar Torsdag 2. Februar Torsdag 1. Mars Torsdag 8. Mars Torsdag 15. Mars Måndag 16. April Måndag 23. April Måndag 14. Mai Måndag 28. Mai Måndag 11. Juni Det kan bli behov for fleire møter. Då går vi ut ifrå måndag før formansskapsmøta og torsdag før kommunestyremøta. Vi legg opp til 1 års feiring torsdag 8 mars. Møta startar kl 19:00 på Heradshuset på Sandane om ikkje anna er opplyst.
-
Takk for samarbeidet i 2011!
Samfunnsdemokratane ønskjer alle eit godt nyttår, samstundes som vi vil takke for samarbeid og støtte i partiet sitt første år. 2011 har vore eit viktig år og 2012 blir endå viktigare. Vi ser at prioriteringane til dei som styrer landet utset oss for stor risiko. Samfunnsdemokratane sitt program har vekt på større grad av sjølvberging og mindre sentralisering. Hendingane i romjula har vist at det blir viktig å ha tilgjengelege nødløysningar når naturkreftene viser seg frå si ...
-
Samfunnsdemokratane sin alternative økonomiplan i Gloppen 2012-2015
Framlegg frå Samfunnsdemokratane til sak 064/11 Økonomiplan 2012-2015 Endringar i budsjettprosessen Samfunnsdemokratane foreslår at det skal utarbeidast nye rutinar for budsjetthandsaminga i Gloppen kommune, herunder omforeinte fristar for framlegging av budsjett til politisk handsaming som sikrar ei forsvarleg tidsramme for handsaminga av komande års budsjett. Vi foreslår også at reglementet for framlegging av saker til politisk handsaming vert endra slik at sakene vert lagt fram for politikarane med tidsfrist på 5 virkedagar før møta. Endringar ...
-
Seier nei til ny stamveg via Stryn
Lenke her.
-
Medlemsmøte 15.12.2011
SD har medlemsmøte måndag 15.12 kl 19 Sandane Næringshage. Saker: spesielt budsjett og økonomiplan. Velkomne
-
E-39 Vegen til elende eller framtid?
Anda-Lote står fast ifølgje Magnhild, Liv-Signe og Jenny sin valkamp! Kan vi stole på det? Samferdselsdepartementet skal i sin KVU innan utgangen av denne månaden foreslå kor E39 skal gå igjennom fylket vårt. Magnhild Meltveit Kleppa, Samferdsleministeren, må stå ved valløftet sitt (ilag med paritvenninnene) for å binde ein heil region saman og skape ein stor bu – og arbeidsmarknad på 60.000 menneske, gjennom ei bru over Lote-Anda. Men det er igjen mørke skyer i horisonten for Sogn og ...
-
Statsråden må snu
Stortingsrepresentant Åge Starheim meiner sjukehuskutt i Volda må få statsråden til å endre planene for Nordfjord sjukehus Sjå lenke: http://www.firda.no/nyhende/article5777846.ece
-
Fredsprisen 2011
Gratulerer ! Utan kvinner si deltaking, ingen fred! Lenke her
-
Helsekuppet
For ti år sida fekk vi ei ny politisk styring i helsevesenet, innført av mennesker med ein intens tru på at konkurranse er det einaste saliggjørende når enn skal skape effektivitet. Lenke her.
-
Breim Kraft A/S – fråsegn til melding om utbyggjingsplan i Storelva i Gloppen.
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo I utgangspunktet er ikkje SD mot vasskraftutbygging fordi vi ser at det er ein viktig bidragsytar for å oppretthalde arbeidsplassar i jordbruket og busetnaden i distrikta. Vasskraft er og ein fornybar og rein ressurs. Men inngrepa i naturen kan verte store, slik det er tilfellet med den planlagde utbygginga av Storelva i Breim. Grunneigarane har her lagt fram ein omfattande utbyggingsplan som vil få konsekvensar for m.a. fiske og naturoppleving. Det mest dramatiske, sett ...
-
Samfunnsdemokratane
(SD) Takkar veljarane i Gloppen for tilliten. Vi kallar med dette inn til medlems-møte i kommunestyre-salen tysdag 20. september kl. 19:00 Sakliste: Vegen vidare, danning av SDu-ungdomsgruppe av samfunnsdemokratane. Nye medlemar er velkomne. Mvh Styret.
-
Har brukt sparepengane sine
Ho skulle eigenteleg nytte sparepengane å å skifte tak på huset sjå lenke http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=7175
-
Brakval for Gunnvor Sunde i Gloppen
Ap-utbrytar Gunnvor Sunde sitt nye parti Samfunnsdemokratane har gjort eit brakval i Gloppen, og ligg an til fire mandat. Ho ligg og an til plass i det nye fylkestinget. Sjå lenke her.
-
SD Kandidatane
Her er kandidatane, toppkandidaten til SD nest etter sitjande ordførar. Lenke her.
-
Utspørjing av Samfunnsdemokratane og Raudt
Utspørjing av Gunnvor A. Sunde frå Samfunnsdemokratane og Ingunn Kandal frå Raudt. Sjå lenke her.
-
Samfunnsdemokratane i Fylkestinget
Det er utruleg å følgje argumentasjonen i helsedebatten etter innslag på TV2 i går. Ord som, “følelsar overstyrer fornuft” når det einaste vi ber om er mulegheiter til ei verdig helseteneste i nokelunde nærleik av der vi bur og arbeider og skaper store verdiar som fellesskapet tener på. Akutt-og føde er basistenester, og dette skal fjernast frå oss. Vi hadde en av dei beste ortopediane i landet, no skal folk heller stå i kø eit år for ...
-
Næringspolitisk program for Vestlandet
Et sterkt Vestland er viktig for Norge. Her er det nye næringspolitiske programmet for Vestlandet. Sjå link her
-
Samfunnsdemokratane i Fylkestinget
Sjå link her
-
Program Samfunnsdemokratane 2011-2015
Program Samfunnsdemokratane
-
Nytt forkjøpsretten til aksjane i Fjord 1
Sogn og Fjordane fylkeskommune bør nytte forkjøpsretten på aksjane som er til sals frå Møre og Romsdal fylkeskommune av fleire grunnar. Selskapet leverte siste rekneskapsår eit overskot på 268 mill. kroner før skatt. Eigenkapitalen var pr. 31/12-10 1.168 mill. kroner. Dersom ein nyttar prosentrekning på dette talet og legg inn 41 % som Møre og Romsdal sin aksjepost utgjer kjem ein til talet 478.880 mill. kroner. Ved ein salssum på kr 360 mill. betyr det at ...
-
Samfunnsdemokratane i valkampen
Sjå link : http://cargocollective.com/kibogmorits#1879124/Samfunnsdemokratane
-
FYLKESBÅTANE (FJORD1)
Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen! Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane. Innan offentlege innkjøp av varer og tenester har utviklinga skapt nesten eit anbodshysteri i både stat, fylkeskommunar og kommunar. Redsla for å gjere feil, eller bli dømt i EØS-domstolen, har blitt ein stor trussel som svekkjer den politiske involveringa og handlingsrommet. Dei politiske myndigheitene, inkludert den sitjande regjering, har mykje av ...
-
Solidaritetskonserten for barna i Afrika
Samfunnsdemokratane støttar Solidaritetskonserten for barna på Afrikas Horn, og arbeidet til Leger utan grenser, og oppfordrar alle politiske parti til å gje minst kr 10,- pr medlem.
-
-
Kondolanse
Samfunnsdemokratane vil kondolere. Vi er alle involverte i tragediane som har ramma Noreg. Vi oppmodar alle om å tenne lys og ta vare på kvarandre.
-
Kva blir det att av Sogn og Fjordane når kjøttvekta får råde?
http://www.de-facto.no/bilder/090615OrtopediplanenforHelseForde2.pdf Samfunnsdemokratane skulle ønskje alle Sogn og Fjordingar ville lese de-facto-rapporten (som ligg i linken over her) og sjå kva som heile tida har vore planen med helsetilbodet i Sogn og Fjordane, tross fine formuleringar i Soria Moria. Dette er nok det næraste vi kjem fakta i helse-saka.Konsekvensen er sentralisering, noke Samfunnsdemokratane er imot, om vi skal kunne ta heile landet i bruk til fortsatt busetjing og verdiskaping. Det må snart bli muleg å konsekvensutgreie. Skal ...
-
Få lys i alle hus
Samfunnsdemokratane vil ha lys i husa og liv i bygdene ved å prioritere og vidareutvikle infrastruktur i heile landet, som gjer at innbyggjarane kan bu der dei bur og ha fullverdige tilbod innanfor helse, omsorg, samferdsle, varer og tenester. Og ta i bruk kompetansen som finst rundt om i landet, for å vidareutvikle denne til å skape interessante og framtidsretta arbeidsplassar.
-
Nordfjord sjukehus
Singer gjorde mykje godt, og kva skjer med gåvene? Sjukehuset er ei sak for seg. Sjå gåvebrevet her. Så har vi vegen Olden / Innvik som har drege ut i tid. Singerheimen treng opprustning om den skal bestå som den historiske perla den er i Olden. Og alle desse gåvene fekk nordfjordingane av private, som ...
-
Samfunnsdemokratane vil ta makta tilbake!
Det politiske miljøet treng styrking og nytenking. Vi ønskjer å styrkje kampen mot forskjells -Norge og ei nedbygging av gode offentlige fellestenester. Styring og forvaltning av offentlig sektor er eit politisk ansvar og må halde fram med å vere under demokratisk kontroll. Demokrati eller marknadsmakt. Offentleg eller privat velferd. Dette har lenge vore sentrale motpolar i kampen om samfunnsutviklinga. Vi vil ha rask og god service for ...
-
Korleis har fødande kvinner det i Norge i dag?
Kvinner gjev liv til komande generasjonar. Tilbodet til gravide og fødande kvinner er forverra fleire stader i landet. Når helseføretaka no legg ned lokale fødeavdelingar og fødestover, opplever mange at tilbodet blir enda dårlegare. Fleire fødslar vil kome til å skje langs landevegane, det stemmer dårleg overens med kravet om sterke faglege miljø. Slagordet no er blitt ”stort er best”, uansett. Og økonomane gnir seg i hendene berre botnlinja stemmer, og helst viser større overskot. Kva med menneska, og måten ...






Følg oss